Skredderøya, Dolmøya, Hitra


Skreddarøya, Dolm, Dolmøya, Hitra var en husmannsplass uner Dolm prestegård.

Svein Bertil Sæther:

OM SKREDDARØYA I DOLMSUNDET
OG OM NOKRE AV DEI SOM BUDDE HER

Skreddarøya er ikkje ei øy. Ho er ei lita halvøy, så vidt. Frå Skreddarøyvatnet, eit brakkvatn, som somme kallar Skreddarøyvågen, og over til Bonåkervågen er det på grunn av eit bekksikkel, ei blautmyr og ein dam så vidt Skreddarøya heng fast i Dolmøya. Men i austre enden av Skreddarøya, der Skreddarøyvatnet møter Dolmsundet ved Skreddarstraumen, klorar Skreddarøya seg fast til Dolmøya med ein gammal demning, ein fint oppmura steinvegg, som regulerte vatnet til ei kvern og eit stamperi som ein gong stod her.
Sjølvsagt veit vi ikkje når folk først slo seg ned på Skreddarøya. Vi må rekne med at det budde folk her i periodar i forhistorisk tid, altså i steinalderen, bronsealderen og jarnalderen. Dolmsundet var eit spiskammers for folk i gjennom tusenåra, godt skjerma, god straum og alltid tilgang på mat. Derfor har arkeologane funne tett i tett med spor både etter nomadar og etter fastbuande. Midt i dette ligg Skreddarøya. Det er klart at folk kom hit.
Men her skal vi konsentrere oss om det vi kallar historisk tid, om den tida vi har meir enn berre det arkeologiske kjeldematerialet å halde oss til. Vi vil leite i dei skriftlige, historiske kjeldene for å sjå om vi kan komme folket på Skreddarøya litt nærare inn på livet.

Handel, handverk og byprivilegiar
Vi treng ikkje tvile på at namnet Skreddarøya kjem frå ein vaskeekte skreddar. Her på denne halvøya har det altså i ein periode budd ein handverkar, som folk reiste og besøkte, og som dessutan reiste rundt og utførte handverket sitt rundt om på gardane, strandseta eller plassromma. Den skreddaren som har gitt namn til øya, må ha budd her lenge nok til at folk knytta han til akkurat denne staden, og han må ha vore ein person som først og fremst var kjent for skreddaryrket sitt. Skreddaren var ein svært viktig person i det gamle samfunnet. Han hadde alle god bruk for.
Dei gamle lovane bestemte at handel og handverk berre skulle foregå i byane. Ein ville ikkje at kjøp og sal skulle drivas over alt. Dette var aktivitetar styresmaktene vill ha kontroll på, ikkje minst av økonomiske grunnar. Både kjøpmenn og handverkarar løyste borgarbrev i byane. Det var eit privilegium som byane hadde, og dermed var borgarane formelt knytta til byane. Men av ulike grunnar vart det lempa litt på desse byprivilegia utover 1600-talet. Det kunne foregå handel også ute i distrikta, men berre av byborgarar som hadde lov til å drive handel. Dermed flytta nokre av handelsborgarane og ein og annan handverkar ut frå byen og dreiv si borgarlige næring til dømes på Hitra, i alle fall i delar av året. Handelsborgarane kunne også leige nokon til å drive handelen for seg . Dette var det mykje av i tida rundt århundreskiftet 1600-1700 her på Hitra. I andre halvparten av 1600-talet var det fleire slags handverkarborgarane som etablere seg ute i distrikta. Det kunne vera bøkkerar (kippar), altså tønnemakarar, det kunne vera smedar, snekkarar og det kunne vera – nettopp - skreddarar. På Hitra fins det namn som Kipparøya, Kipparvika, Smedvika, Skreddarvika og Skreddarøya. No er det langt ifrå sikkert at kipparen, smeden eller skreddaren som har gitt namnet til plassen, verkelig var handverkarborgar med borgarbrev. Det kjem litt an på når han budde der. Var det i ei tid da byprivilegia enno stod sterke, så var det litt av ein risikosport å slå seg ned som handverkar utan borgarbrev. Sjansen for å bli tatt og straffa med kraftige bøter, var «overhengande». Folk med borgarskapet i orden vokta privilegia sine som gull, og dei ville kaste seg over ein inntrengar som haukar. På 1600-talet og det meste av 1700-talet ville det vera bortimot umulig å etablere seg fast som handverkar eller kjøpmann utan borgarbrev. Seinare kunne ein habil smed gjera jobben sin i ro og mak i Smedvika, utan å bli straffa for det.

Kven var skreddaren på Skreddarøya?
Med bakgrunn i dette skal vi nærme oss Skreddarøya og fundere meir på kven skreddaren kan ha vore. Det første vi må finne ut er kor gammalt namnet Skreddarøya i Dolmsundet er.
Skreddarøya er ein del av den gamle prestegarden Dolm sitt «territorium», eller gardsvald. Kjeldemessig er det både ein fordel og ei ulempe. Fordelen er at soknepresten sjølv ofte hadde ein finger med i spelet i mange av kjeldene. Enten var han med og skreiv ulike lister og manntal som vi hentar opplysningane frå, eller så var han ein sentral person ved innhentinga av dei opplysningane som skulle med i det skriftlige materialet. Han hadde førstehands kjennskap til Skreddarøya og dei andre plassromma under Dolm. Ulempen er at i ein del sentrale kjelder var prestegarden fritatt for både skatt og andre ytingar til styresmaktene, og dermed er prestegarden med husmannsplassar ikkje tatt med i det heile. Dette gjeld til dømes det viktige Titus Bülches manntal frå 1664, som kunne ha gitt oss eit strålande oversyn over Dolm prestegard sine husmannsplassar. Men vi har ei kjelde som er mesta like gammal som manntalet frå 1664: Matrikkelen frå 1668. Her er Dolm prestegard med, og i eit oversyn over «Strandsiddere Vnder Hitterens Tinglaug som Iche Kand Leggiss for Nogen Leige» finn vi under andre fjerding, som mellom anna omfatta Dolmsundet, fleire av strandseta under Dolm prestegard: Barbara Bremvågan, Pål Kipparøya, Ola Arnøya, Per Knaverøya, Hans Skarvøya, Lars Dolmøya (altså Øya) og Mikkel Bremvågan. Her er det også nemnt ein strandsittar som heitte Jørgen Fastøya, og han skal vi merke oss.
Namnet Skreddarøya eksisterte altså ikkje i 1668. Det eksisterte ikkje i 1701, heller. Da var det den store diktarpresten på Dolm, Rasmus Rosing, som førte manntalet i penna. Ni husmenn nemner han under prestegarden: Tre i Bremvågan, to på Øya og ein på Knaverøya. Alle desse plassane er kjente stader på Dolm sitt gardsvald. Så nemner han ein husmann på ein stad som blir kalla Hebersvågen, og det kan vera den vågen som seinare blir kalla Madsvågen, Vågen eller Sørvågen under Undås, avlsgarden under Dolm. Rasmus Rosing nemner to husmenn til: Ein på «Arnøen», altså Arnøya, og ein på «Fæøen», antakelig Feøya. Arnøya var med i 1668 også, men Feøya er kanskje ny. På Arnøya budde Lars Nilsen, 64 år gammal, og sonen Nils på 25 år. Og på Feøya var Håkon Olsen, 50 år, med ein eldre kar, Ola Tomassen, 70 år gammal, som kanskje var far til Håkon . I dag finn vi øya Litl-Larsøya og halvøya Skreddarøya i Dolmsundet, litt aust for prestegarden. Ingen av dei namna var i bruk i skriftlige kjelder på Rosing si tid, men dei kan ha kome i bruk på folkemunne.
Kan Fastøya frå 1668 vera same øya som Feøya i 1701? Og kan Fastøya bety akkurat det namnet seier: Ei øy som ligg fast? Ei halvøy, altså? I så fall er det nærliggande å tru at dette er Skreddarøya.
Det er i 1724 vi for første gongen finn namnet Skreddarøya i kjeldene . Da blir ein kar som heiter Anders Skreddarøya rekna opp i eit manntal over dei som skal betale for reparasjon av Dolm prestegard. Så viser det seg at Anders var ein av dei heldige som av ein eller annan grunn slapp å betale noko. Likevel står han heldigvis på lista, noko vi sikkert er meir fornøgd med enn Anders sjølv. I 1724 treffer vi også eine sonen til Anders Skreddarøya i ei militær rulle . Han heiter Lars Andersen, er 20 år og fødd i Hemne, får vi vita.
Når vi summerer opp den kunnskapen vi kan hente ut av kyrkjebøker og militære rullar, får vi fram dette: Anders Larsen var fødd rundt 1675. Han hadde ein son Lars som var fødd i Hemne omtrent 1705 og ein son Morten som var fødd rundt 1718. Morten kan vera fødd på Skreddarøya. Kva kona til Anders heitte og om han hadde fleire barn, veit vi ikkje. Sonen Lars døydde på Skreddarøya i 1741, og vart gravlagt på Dolm. Faren Anders Larsen Skreddarøya døydde i 1749, og sonen Morten tok over som husmann på Skreddarøya etter far sin.
Spørsmålet om kven skreddaren på Skreddarøya var, har vi altså ikkje funne svar på. Kandidatane er fleire: Lars Nilsen eller Nils Larsen på Arnøya, Jørgen på Fastøya, Håkon Olsen eller Ola Tomassen på Feøya eller Anders Larsen Skreddarøya.

Morten og Karen på Skreddarøya
Morten Andersen Skreddarøya var fødd rundt 1720, kanskje i Hemne, men mest trulig på Hitra. Første gongen vi møter Morten er i 1745, og da blir var han 25 år . Faren Anders var da 69 år gammal, ein ganske høg alder på denne tida, og fire år seinare, i 1749, døyr far Anders på Skreddarøya . Den 14.september same året trulova Morten Andersen Skreddarøya seg med Karen Pedersdotter , og den 16.november 1749 gifta Morten og Karen seg i Dolm kyrkje . Karen kom etter alt å dømme frå Bremvågan.
Var Karen dottera til Kirsten og Peder Larsen Bremvågan? Da ho trulova seg med Morten Skreddarøya i Dolm kyrkje i 1749, var det sjølvaste klokkaren Erik Lund som var forlovar for Karen. Kanskje var det fordi ho var dottera til underklokkaren i Dolm sokn, Peder Larsen Bremvågan? Det store Hitra prestegjeld fekk rundt 1730 to underklokkarar i tillegg til hovudklokkaren. Attåt at dei skulle gjera klokkarteneste rundt om i kyrkjene på prekesøndagane, skulle dei også vera skolemeisterar i den nyoppretta skoleordninga i prestegjeldet. Kjell Jensen var hovudklokkar frå 1701 til 1743. Som underklokkarar vart to husmenn oppnemnde: Peder Olsen Sørsætra frå Fjellværsøya for Fillan sokn og Peder Larsen Bremvågan for Dolm sokn. Dei fortsette også etter at den nye hovudklokkaren Erik Lund tok over. I kyrkjeboka ser vi at dei to underklokkarane ofte blir kalla Peder klokkar Bremvågan og Peder klokkar Sætra.
Peder Larsen ser ut til å vera fødd på Øya under Dolm ca år 1700. Det er nok han vi finn som eittåring i manntalet frå 1701 i lag med faren Lars Jakobsen på 48 år og brørne Jakob på ni og Ingebrigt på tre år. Så kan det sjå ut som om familien har flytta til Bremvågan da den såkalla skoskatten vart kravd inn i 1711. Der finn vi husmannen Lars Jakobsen og kona hans med to søner og ei dotter; det er berre Lars sjølv som er nemnt med namn. Ein av sønene har enten forlatt heimen eller livet, forstår vi. I 1724 var Lars rundt 70 år, og da er han nemnt mellom husmennene i Bremvågan. Vi finn Peder Larsen mellom dei yngre karane på husmannsplassane under Dolm i 1724. 22 år gammal var han da, og det stemmer jo omtrent akkurat med 1701-manntalet. Han må ha gifta seg og sannsynligvis tatt over etter faren som husmann på ein av plassane i Bremvågan omtrent på denne tida. Kona til Peder Larsen heitte Kirsten til førenamn. Farsnamnet hennar kjenner vi ikkje. Peder og Kirsten fekk fleire barn, og gjennom fadderskap og vergemål finn vi fleire av dei. Yngste sonen var Jens. Han var fødd seinhaustes i 1736 og vart døypt i Dolm kyrkje fjerde søndagen i advent det året . Og da var det mykje fint folk i kyrkja som gjorde ære på underklokkaren og hans familie, skal vi sjå. Fadrane på Jens Bremvågan var: Kongl Mayst Foged Hr Niels Cimber, Hr Ole Broch, Hr Ludvig Broch, Madame Løcke, Christiana Sophia Broch. Finare kunne det ikkje ha vore på Dolm i 1736. Kanskje var Beret Pedersdotter eldste barnet til Peder og Kirsten Bremvågan. Trulig var ho fødd rundt 1724. Ho vart gift 14.juni 1750 med Anders Ingebrigtsen, som vart husmann i Bremvågan, og Anders tok over som underklokkar i Dolm sokn etter svigerfaren Peder Larsen. Anders og Beret fekk minst sju barn. Karen var trulig nest eldste dottera til Peder og Kirsten Bremvågan, antakelig fødd rundt 1725-26. Den tredje dottera deira var Inger Pedersdotter. Ho kan vera fødd omkring 1727, og ho gifta seg 15.september 1754 med Peder Pedersen Flatval. Dei vart husmannsfolk i Bremvågan og fekk tolv barn. I 1729 fekk Peder Larsen og Kirsten Bremvågan ei dotter som fekk namnet Eleonora. Ho vart berre ti år gammal og vart gravlagt på Dolm i 1739. Rundt 1730-31 vart Johanna Pedersdotter Bremvågan fødd. Ho gifta seg med Knut Eriksen Leikvam i 1756 og dei vart gardfolk der. Dei fekk fire barn. Så døydde Knut i 1765, og året etter gifta enka Johanna seg med Henrik Hovliksen frå Snekkvika. Dei fekk etter kvart også fire barn. Peder klokkar og kona Kirsten fekk si sjette dotter rundt 1734. Ho vart kalla opp etter mora si og fekk namnet Kirsten. Da Kirsten var 21 år gammal fekk ho eit barn utafor ekteskap. Det var ein gut, og han vart døypt i Dolm kyrkje 22.juni 1755 og fekk namnet Lars. Namnet på faren står ikkje i kyrkjeboka. Fire år seinare, i 1759, vart Kirsten gift med Osmund Larsen Straumsholmen.
Den 9 august 1750 vart Morten og Karen Skreddarøya sitt første barn døypt i Dolm kyrkje . Det var ein gut, og han fekk namnet Anders, etter farfaren sin. Mellom fadrane var sjølvsagt morfar og mormor: Peder klokkar og Kirsten Bremvågan. Hausten 1752 fekk Morten og Karen Skreddarøya ei dotter, og ved dåpen i Dolm 3.desember 1752 fekk ho namnet Margrete, kanskje etter farmora si? Sommaren 1754 kom det ein liten gut til verda på Skreddarøya, og da han vart døypt i Dolm 28.juli, vart han oppkalla etter morfaren sin: Peder . Næraste slekta frå Bremvågan stod fadder på han. Morten og Karen Skreddarøya fekk tre barn til: Ola i 1756 , Lars i 1759 og Beret i 1761 . I 1760 vart eitt av barna deira gravlagt på Dolm, men namnet på barnet står ikkje ført opp i kyrkjeboka . Etter å ha fødd dottera Beret sommaren 1761, var Karen Skreddarøya første gong i kyrkja 27.september og var kyrkjegangskone . Seint på hausten 1761 eller på nyåret 1762 døde Karen Pedersdotter på Skreddarøya. Grava hennar var den første som presten kasta jord på i 1762 . Heime på Skreddarøya satt Morten Andersen att med fem barn, den eldste var 11 år og den yngste var rundt halvåret. Å bli aleine med ein ungeflokk var vanskelig, både for kvinnfolk og karar. Morten måtte på sjøen for å skaffe mat og pengar og attåt måtte han gjera pliktarbeid på prestegarden om han skulle få behalde husmannsplassen. Trulig fekk han hjelp frå folk i nabolaget ei tid. Da sokneprest Broch signerte manntalet for ekstraskatten 24.februar 1763, hadde Morten Andersen framleis ingen som budde fast hos han på Skreddarøya til å hjelpe seg i huset . Eldste sonen Anders budde heime, men nokre av dei yngre borna kan han kanskje ha sett bort til andre . Men sommaren 1763 begynte Morten si tid som enkemann å gå mot slutten. Den 17.juli 1763 trulova han seg i Dolm kyrkje med Ane Olsdotter. Kvar ho kom ifrå veit vi ikkje, men ved trulovinga var det to karar frå Meland som var vitne; kanskje var ho frå det området. Morten Andersen og Ane Olsdotter gifta seg i Dolm kyrkje 29.november 1763 . Ved Ekstraskattmanntalet frå 1765 finn vi dei på Skreddarøya i lag med Morten sin son Anders . Morten og Ane fekk ikkje barn i lag. Etter kvart som åra gjekk, Morten sine barn flytta ut og Morten og Ane vart eldre, kom det nye som tok over som husmannsfolk på Skreddarøya.


Østerdølen på Skreddarøya
I siste delen av 1700-talet kom det flyttande en god del folk frå innlandet og ut til kysten i Noreg. Om det ikkje var så feitt her heller, så ga sjøen eit rimelig trygt utkome, først og fremst med mat på bordet.
Rundt midten av 1780-åra kom det ein østerdøl til Hitra. Knut Eriksen Hagen, kalte han seg og hevda at han kom frå Kvikne i Østerdalen . Vi får tru han på det. Alderen hans er vi litt meir usikre på: Ved folketeljinga i 1801 har han fortalt til manntalsføraren at han var 58 år gammal, altså fødd i 1743, men til dei som førte dei militære rullene frå 1803 og 1809 melde Knut Hagen at han var fødd i 1753 eller 1754. Vi veit altså ikkje om han var i 30- eller i 40-åra da han trulova seg i Dolm kyrkje 1.september 1786. Og ikkje veit vi mykje om ho han trulova seg med, heller. Ho heitte Johanna Kristoffersdotter, men når ho var fødd og kvar ho kom ifrå er meir uvisst. Da folketeljinga vart tatt opp i februar 1801, hevda ho at ho var 50 år gammal. Kanskje tok ho litt i? Yngste dottera hennar var vel fire år gammal. Da Johanna reiste frå denne verda mange år seinare, meinte etterkomarane at ho var fødd i 1746. I så fall ville ho ha vore 50 år da ho fekk yngste barnet sitt. Kan vi tillate oss å tvile på det? Knut Hagen og Johanna Kristoffersdotter sin alder og bakgrunn er likevel ikkje det merkeligaste med dei. Følg med her.
Den 1.september 1786 stod Knut Eriksen Hagen og Johanna Kristoffersdotter fram i Dolm kyrkje og trulova seg. Vitne på trulovinga var Hans Jektvika og Jakob Aunet .
Truloving var ei offentlig handling i tidligare tider. Da stod han og ho fram for slekt og vener og erklærte at dei snart skulle gifte seg, og dei tok seg vitne på at dette var sant. Det var vanlig at paret ga kvarandre gåver ved trulovinga. Brot på trulovingsløftet var ei alvorlig sak, som kunne føre til krav om erstatning.
Alle som var i Dolm kyrkje denne fredagen 1.september 1786 da Johanna Kristoffersdotter trulova seg med Knut Hagen, kunne sjå at ho som skulle bli brur «gjekk sist i dagan». Det var jo ikkje prekesøndag, så det er ikkje sikkert det var så mange til stades i kyrkja denne dagen. Godt og vel to veker seinare, mandagen den 18.september, var Knut Hagen tilbake i kyrkja og fekk døypt eldste dottera si: Karen Gurine. Foreldra Knut og Johanna var ikkje gifte, så Karen Gurine var fødd utafor ekteskap, altså det som kyrkja kalla eit «uekte barn». Det var ulovlig å avle barn utafor ekteskapet på denne tida. Folk vart bøtelagt for slikt, og det var forbunde med skam, særlig for kvinnene og barna. Kor merkelig er det da ikkje å lesa lista over dei som stod fadder for Karen Gurine i Dolm kyrkje mandag 18.september: Sokneprest Otto Stub med kone, Nils Rosing Parelius med kone, Marcus Hegge Parelius og Magnhild Aunet . Her finn vi altså som fadder fleire av dei som stod aller øverst på rangstigen i lokalsamfunnet! Kva hadde skjedd? Var handelshuset Parelius på Hopsjøen og prelatfamilien på Dolm plutselig råka av sosialt samvit og medkjensle? Neppe. Her låg noko anna bakom, og når vi etter kvart gjer oss meir kjente med Knut Hagen så anar vi kva det var. Han var ein kar dei hadde god bruk for, både på Dolm, Hopsjøen og andre stader. Både prestefamilien på Dolm og Pareliusfamilien på Hopsjøen stod fleire gonger fadder for barna til Knut og Johanna Hagen, så her var kontakten god. Dessutan er det ganske spesielt at Knut Eriksen heldt på etternamnet Hagen. Slikt var det berre dei meir kondisjonerte som fann på. Normalt skulle han ha kalla seg Knut Skreddarøya etter å ha budd der år etter år, men det gjorde han aldri. Hagenfolket på Skreddarøya menga seg meir med dei kondisjonerte enn vanlig var for husmannsfolk.
Vanligvis nølte ikkje sokneprest Stub med å føre inn i kyrkjeboka om eit dåpsbarn var «uekte». Ved Karen Gurine sin dåp blir ikkje det nemnt med eit ord. Merkelig. Og mindre merkelig blir ikkje det som skjedde søndag 24.september, altså ei knapp veke etter dåpsdagen. Da skriv Stub at han har «Introd Knud Erichsen Hagens og Joen Klokkergaardens Hustruer» . At kjerringa hans Jon Klokkargården vart ført innover golvet i Dolmkyrkja som kyrkjegangskone av presten Stub, var både rett og rimelig etter gammal skikk, men når han gjorde det same med Johanna Kristoffersdotter, så var det eit brot med skikk og bruk. Ho var jo ikkje gift. Ho var enno ikkje Knut Hagen si hustru! Vi har tatt presten Stub i reinspikka løgn! Vi kan vera trygge på at presten visste kva han gjorde, og vi har ein mistanke om kvifor. Først torsdag 10.mai 1787 gifta ungkar Knut Eriksen Hagen og Johanna Kristoffersdotter seg . Trulig var det på denne tida dei kom til Skreddarøya. Husmannen her, Morten Andersen, begynte å bli oppe i åra og kanskje ikkje heilt frisk lenger. Presten Stub hadde bruk for ein ny husmann, og Knut Eriksen Hagen tok over plassen. Våren 1788 døde Morten Andersen på Skreddarøya. Han vart gravlagt på Dolm, og den 28. mars 1788 kasta sokneprest Stub jord på grava hans . Dei meinte han var 70 år da han døde, og det var trulig berre eit par år for mykje. Kvar det vart av kona Ane Olsdotter veit vi ikkje.
På seinsommaren 1788 fekk Knut og Johanna på Skreddarøya ei dotter nummer to. Ho vart døypt i Dolm kyrkje 24.august 1788 og fekk namnet Anne Elisabeth . Denne gongen var det vanlige folk i nabolaget som stod fadder, men da dotter nummer tre vart døypt i Dolm kyrkje 29.august 1790, var det Beret Bremvågan i lag med dei høgst på strå i bygda som igjen samla seg rundt døpefonten: Kapellanen Hr Ross, Hr Nils Rosing Parelius, prestefrua Madame Stub og Madame Grethe Parelius . Dåpsbarnet fekk namnet Dorthea (=Dorret) Lucia, men ho døde på Skreddarøya vinteren etter og presten kasta jord på grava hennar 17.februar 1791 .
Sommaren etter, den 3.juli 1791 var det jordpåkasting på Dolm på grava til ei som heitte Ingeborg Hagen, 72 år gammal. Kan det ha vore mora til Knut Eriksen Hagen på Skreddarøya som slutta livet sitt her? Og 14 dagar seinare vart det på Dolm kasta jord på grava til ei jente på ni år. Anne Karsteinsdotter Skreddarøya heitte ho. Kanskje ei jente som Knut og Johanna hadde tatt til seg eller ei lita tenestejente dei hadde?
På nyåret 1792 vart det fødd eit nytt barn på Skreddarøya. Det var Johanna og Knut Hagen som fekk si fjerde dotter. Ho vart døypt i Dolm kyrkje 22.januar 1792 , og dei valte å kalle opp ho dei mista året før: Dorret (=Dorthea) Lucia. Fadder på dette barnet var mellom andre fleire frå klokkarfamilien med klokkaren sjølv, Colbanus Jensen, i spissen. Men det gjekk ikkje likare med denne Dorret enn med den førre. Ho vart berre ni veker gammal. Den 11 mars 1792 kasta presten jord på den vesle grava hennar. Johanna og Knut på Skreddarøya fekk to døtrer til: 29.februar 1793 kom Martha Maria til verda , og 9.juli 1796 vart Kristianna Dorthea fødd . Ved folketeljinga som vart tatt opp 1.februar 1801 finn vi Knut og Johanna med dei fire døtrene på Skreddarøya, og her står det at Knut Hagen var husmann med jord, verken meir eller mindre. Dei hadde ein losjerande skreddar, Helge Pedersen, buande hos seg, ein av dei mange handverkarane som reiste rundt på bygdene i den tida.
Eldste dottera til Knut og Johanna, Karen Gurina, gifta seg ein gong mellom 1810 og 1814 med ein kar som heitte Hans Olsen. Den 3.september 1814 fekk Karen Gurina ein son, som vart døypt i Dolm kyrkje 23. oktober 1814 og fekk namnet Knut. På denne tida var Karen og Hans leigebuarar hos Knut og Johanna på Skreddarøya. Seinare flytta dei til Frøya og vart gardfolk på Måsøya. Yngste dottera på Skreddarøya, Kristianna Knutsdotter, gifta seg i Dolm den 22. oktober 1820 med ein kar frå Leinstranda: Erik Mikkelsen Heggstad . Kristianna og Erik losjerte på Skreddarøya hos Knut og Johanna, som no begynte å bli opp i åra. Knut hadde bruk for hjelp, sikkert til arbeid på plassrommet og til pliktarbeidet på prestegarden. Den 5.mai 1821 døde Knut Eriksen på Skreddarøya. Han vart gravlagt på Dolm 12.mai 1821 , og her blir det påstått at han var 78 år gammal. Trulig er det nokre år for mykje. No var det enka Johanna Kristoffersdotter som satt med Skreddarøya, og ho hadde døtrene Anna, Marta og Kristianna og svigersonen Erik til å hjelpe seg. Den 20.mars 1822 fekk leigebuarane Kristianna og Erik på Skreddarøya sitt første barn. Det var ei dotter. Ho vart døypt i Dolm kyrkje 8.april og fekk namnet Albertine. Mellom fadrane var dei to ugifte søstrene til Kristianne: Martha og Ane Skreddarøya. På denne tida begynte gamle Johanna å skrante, og ho døde på Skreddarøya 26.mai 1822. Ho vart gravlagt på Dolm 2.juni . No var det Erik og Kristianna som tok over som husmannsfolk på Skreddarøya.

Heimplassen Skreddarøya
Det er først etter at Knut Hagen og Johanna Kristoffersdotter var døde at vi får vita noko særlig om korleis dei levde på Skreddarøya den tida dei dreiv plassen. Etter at mor Johanna døde i mai 1822, valte dei fire døtrene å halde arveskifte etter foreldra sine, og 15.juni 1822 var arvingane, lensmann Hans Ræder og hjelpesmennene hans, Ingebrikt Hansen Sveen og Anders Iversen Klokkargården, samla på Skreddarøya for å registrere og vurdere alt det som fanst etter Knut og Johanna . Og to dagar etter vart det halde auksjon på Skreddarøya på alt lausøyre og innbu som Knut og Johanna hadde. Gjennom dette får vi små innblikk i livet på Skreddarøya i første delen av 1800-talet.
No får vi vita litt om husa på Skreddarøya. Det var eit stuahus med kjellar, to buer og loft. Så hadde dei ein kornlåve med kornstål, eit fjøs med høystål og eit grishus. Fjøset og grishuset ser ut til å ha vore samanbygd. Dei hadde også ein fiskesjå. Sjåen vart brukt først og fremst til lagring av fiskereiskap, men etter som dei på Skreddarøya verken hadde brygge eller stabbur, lagra dei sikkert også matvarer frå sjø og land på sjåen. Og så får vi greie på at dei hadde byggeplanar på Skreddarøya. Dei hadde fått frakta hit ei tømmerstue frå Hemne som enno ikkje var sett opp, og i tillegg hadde dei kjøpt noko tømmer, kanskje for å bytte ut tømmer i stua frå Hemne eller for å bygge på ho.
I leiglendingstida, altså på den tida da eit fåtal av gardbrukarane på Hitra åtte gardane sine sjølve, var det vanlig at husa på gardane hørte garden og jordeigaren til. Dei som budde på gardane og dreiv dei, åtte i beste fall sjøhusa. Da var det annsleis på strandseta og på husmannsplassane. Her var det strandsittaren eller husmannen som sjølve åtte husa på plassen, og om dei flytta derifrå, tok dei enten med seg husa eller selte dei til dei som tok over etter dei.
Frå skifteforretninga frå 1822 får vi også litt greie på den vanskelige tida først på 1800-talet med naudsår og svolt. I åra 1803 og 1804 hadde bygdekommisjonen i Hitra prestegjeld gitt Knut Hagen på Skreddarøya i alt ei tønne havre for at han og familien hans skulle halde verste svolten frå livet, og på forsommaren 1813 hadde han fått tildelt fire skjepper såkorn – trulig blandkorn av bygg og havre – og ei skjeppe rug, slik at dei kunne så og håpe på avling til hausten. Korleis det gjekk med kornhausten 1813 veit vi ikkje, men i skifteforretninga i 1822 etter Knut Hagen og Johanna Kristoffersdotter kravde bygdekommisjonen, med sokneprest Brodtkorb i spissen, å få betalt tilbake «gåvene» frå naudsåra, med renter!
Auksjonen på Skreddarøya i 1822 avslører meir om korleis folket her levde og livberga seg, og her finn vi trulig forklaringa på kvifor Knut Hagen var slik inne i krithuset til dei kondisjonerte . Vi kan slå fast at Knut og Johanna hadde mykje å stå i med, og at Skreddarøya var ein god husmannsplass. Sjølvsagt måtte dei gjera det avtalte pliktarbeidet på prestegarden. Det var betalinga for at dei skulle få bu på og drive husmannsplassen.
Kor mykje pliktarbeid dei hadde, veit vi ikkje, men først og fremst var det nok i onnene – våronna, høyonna, skurdonna og tørvonna. I tillegg hadde nok husmennene under Dolm skyssplikt, altså måtte dei vera med på å skysse presten rundt om til gudstenester og soknebod. I noko seinare tid - rundt år 1900 – betalte ein husmann under Dolm 36 kroner i årlig leige for plassen, og attåt dette hadde han seks skyssturar i året og arbeidsplikta var fire dagar i torvonna, tolv dagar i slåttonna og skurd av to mæling åker. Pliktarbeidet var oftast heile husmannsfamilien med på.
Men Knut Hagen og familien hans hadde antakelig noko mindre med pliktarbeid enn dei andre husmennene under Dolm prestegard. Kvifor det? Jau, fordi Knut Hagen i staden kunne gjera andre tenester på prestegarden. Auksjonen i 1822 fortel oss at han var både tømrar, bøkkar og skomakar. All slags verktøy som ein tømrar hadde bruk for, vart selt på auksjonen: Tømmermannsbiler, hamrar, høvlar, sager og navrar av ulike slag og storleik, mykje meir enn det som var vanlig å ha på ein gard eller ein husmannsplass. I tillegg hadde Hagen bøkkarutstyr, mellom anna bandstol og bandkniv og deksel, og det vart selt mange tomtønner på auksjonen. Han hadde også eit lite «Skomager Værksted» står det, så det kan hende han sauma og reparerte sko og støvler også for fleire enn eigen familie. Kona Johanna og døtrene dreiv med veving, og dei hadde også utstyr for å arbeide med lin. Kanskje hadde dei linåker på Skreddarøya?
Heile familien var med og dreiv plassen. Ikkje mindre enn fire kyr, ei kvige og ei merr hadde dei i 1822 . Ljåar og river hadde dei sjølvsagt, og plog og horv, spadar og spett til åkerbruk og nydyrking var det å finne hos familien på Skreddarøya. Sledar, vogner, skokler og hestegreie vart også selte på auksjonen. Ikkje mange husmannsplassar hadde slikt utsyr, så vi mistenker at merra og køyreutstyret hadde noko med Knut Hagen sitt arbeid som tømrar å gjera.
Så mykje sjøreiskap og fiskeutsyr var det ikkje på auksjonen etter Knut og Johanna Hagen i 1822. Det vart selt eit par gamle sildegarn og ein hov, det var alt. Vi må rekne med at dei hadde handsnøre også, men det vart ikkje lagt fram for sal på auksjonen. Båtar hadde dei sjølvsagt: Ein seksring og ein gammal færing. Alle var avhengige av å ha båt, men det var tydeligvis ikkje fiske østerdølen Knut Hagen var mest sysselsett med. Derimot hadde tømraren Hagen sett seg opp kvern i enden av Skreddarvatnet. I 1822 stod det ikkje mindre enn to kvernbruk der: Ei heilt ny fosskvern med fullt utstyr og ei utan kvernkall. Dette tyder på at det var Knut Hagen som bygde demninga ved utlaupet av Skreddarvatnet, sette opp kvern og mol korn for både seg sjølv og andre her. Etter Knut Hagen si tid vart kvernsteinane visstnok bytta ut med stampeutstyr.

Ein tragedie og eit samantreff
Alt såg bra så ut på Skreddarøya. Det unge husmannsfolket, Kristianna og Erik, hadde fått dottera Albertine, og i 1824 var eit nytt barn undervegs. Den 18.september fødde Kristianna ein gut. Han vart døypt i Dolm kyrkje 17.oktober 1824, og i kyrkjeboka står det at han fekk namnet Hans Mikkel, men trulig var Knut Mikkel namnet hans . Soknepresten sjølv, Tobias Brodtkorb og dottera jomfru Sofia Brodtkorb i lag med Jon og Johanna Dolm og klokkar, lærar og kyrkjesongar Lasse Skagen stod fadder på guten frå Skreddarøya. Men alt var ikkje som det skulle, verken med mor eller barn. Om det var noko som skjedde før, under eller etter barselen kjenner vi ikkje til.
Barsel var ofte farefullt for både ho som fødde og for barnet som vart fødd i dei tider. Enno var det svært få jordmødrer på landsbygda i Noreg, og ingen i Hitra prestegjeld. Den hjelpa barselkvinnene måtte ty til var dei som vart kalla krafskjerringar og ljøsmødrer. Dei kunne mykje om barsel, men når noko vart komplisert og uvanlig, var dei meir eller mindre hjelpelause. Da greip dei gjerne til bibelord, overtru, svartekunstar og gamle rådgjerder som like gjerne gjorde vondt verre. Mange barselkvinner og spedbarn døde rett og slett på grunn av kunnskapsmangel og uforstand.
Knappe tre månader etter fødselen, den 6.desember 1824 døydde både mor Kristianna og den vesle guten på Skreddarøya, og dei to vart gravlagde saman på Dolm den 16.desember 1824 . For folket på Skreddarøya var ein tragedie, men dessverre ein ganske vanlig tragedie rundt om i heimane på denne tida.
Så blir det litt av eit samantreff at da Erik Mikkelsen Heggstad på Skreddarøya fann seg ei å gifte seg med halvtanna år seinare, så var det med ei som hadde eit brennande ønske om å bli jordmor. Ho ville bruke livet sitt til å gjera barselen og den første tida etterpå tryggare for både mor og barn, og ho forstod at det var utdanning og rett kunnskap som måtte til. Det var Elisabeth Anna Margrethe Seehuus frå Rørøya i Kvennværet.
Elisabeth Seehuus var fødd i Kristiansund i 1798 . Foreldra Knut og Karen Seehuus dreiv ein liten handel der på den tida, men da Elisabeth var fire år gammal flytta dei til far Knut sin barndomsheim, Rørøya i Kvennværet, og tok over handelen der etter foreldra til Knut. Elisabeth var eldste barnet i ein søskenflokk på elleve, så som storesøster vaks ho ganske sikkert opp med ansvar for stell og pass av småbarn. Ho vaks opp i ein opplyst heim, der fleire av søskena hennar fekk utdanning. Først og fremst var det gutane som fekk gå skole, men også Elisabeth og søstera Karoline fekk utdanne seg: Elisabeth til jordmor og Karoline til lærar.
Den første jordmorutdanninga i Norge kom i gang ved Fødselsstiftelsen i Kristiania i 1818. For å bli tatt opp som student her måtte ein vera gift. Erfaring gjennom ekteskapet var sett på som grunnleggande for jordmorrolla. Ugifte damer skulle jo ikkje ha slik erfaring, må vita. Så for Elisabeth Seehuus var saka grei: Skulle ho bli jordmor, måtte ho først finne seg ein mann. Han fann ho på Skreddarøya.
Den 19.juni 1826 gifta enkemannen Erik Mikkelsen Hægstad og Elisabeth Seehuus seg i Dolm kyrkje . Erik fortsette som husmann på Skreddarøya, og Elisabeth kasta seg i gang med søknader om opptak ved Fødselsstiftelsen og finansiering av utdanninga si. Mot å forplikte seg til å bli jordmor i Hitra prestegjeld, fekk ho tilråding frå bygdekommisjonen og stønad frå Søndre Trondhjems amt. Hausten 1827 reiste ho til Kristiania og begynte jordmorutdanninga ved Fødselsstiftelsen den 1.oktober. Sommaren 1828 kom ho tilbake til Hitra med eksamenspapir med topp resultat og vart tilsett som offentlig jordmor i Hitra prestegjeld.
Dei første offentlige jordmødrene vart tilsette av staten, og for dei som hadde teneste på landsbygda, vart lønna fastsett slik: 20 spesidalar pr år i rein lønn, to famnar ved og bustad i eit vanlig «bondehus», med hage og gras nok til ei ku – eller jord nok til å halde ei ku. I staden for eigen bustad kunne jordmora velje seks spesidalar meir for året i lønn. I tillegg skulle jordmora ha betaling frå barselkvinnene etter fastsette takstar.
Vi veit ikkje akkurat når Elisabeth og Erik tok med seg Albertine og flytta frå Skreddarøya, men dei vart neppe her stort meir enn eit år eller to etter at Elisabeth begynte som jordmor. Først flytta dei til Elisabeth sin barndomsheim Rørøya, der far Knut Seehuus ville at Elisabeth og Erik skulle ta over handelen. Slik vart det også i nokre år før dei slo seg til på Småg nokre år, seinare til Hamna rett i nabolaget og til slutt til Ingebrigtsvika i 1850. Elisabeth vart jordmor i Hitra prestegjeld i 42 år. Ho var høgt akta, og folk kalla ho Madam Hægstad.
Klokkarheim og skolestue
Gammalklokkaren i Hitra prestegjeld fann på at han skulle trekke sitt siste sukk heime i Stakkvika på Dolmøya i 1818, og som tenkt, så gjort. Dermed måtte ein ny mann på plass som hovudklokkar, kyrkjesongar og lærar for Dolm sokn. Ein kar frå Sande i Sunnfjord søkte på stillinga og vart tatt inn på prøve hausten 1818. Han heitte Lasse Madsen Skagen og var fødd på garden Skagebakken i Gaular i 1792. Foreldra hans var gardfolk her. Lasse Skagen skikka seg tydeligvis vel på Hitra, for han fekk stillinga og vart på Hitra resten av si tid. Det er litt uklårt kvar han budde den første tida på Hitra. Kanskje fekk han husrom på prestegarden til å begynne med, men etter kvart flytta han til Skreddarøya. Dei første åra her var han leigebuar hos Erik Mikkelsen og jordmora madam Hægstad, men da dei flytta til Rørøya, tok Lasse Skagen over husmannsplassen Skreddarøya.
Det kan godt vera at det var på denne tida at Skreddarøya vart lagt ned som husmannsplass under Dolm prestegard. Kanskje betalte klokkaren bygsel til presten for jorda han brukte på Skreddarøya, men pliktarbeidet på Dolm vart det nok slutt med da klokkaren tok over plassen. Verken praktisk eller sosialt stemte det med stillinga som klokkar, kyrkjesongar og lærar å ha plikt til å gjera kroppsarbeid i onnene på Dolm.
Det var på den tida han tok over Skreddarøya at Lasse Skagen gifta seg. Den 17.juli 1829 stod han brudgom i Dolm kyrkje, og brura var Johanne Jensdotter Huus frå Sørdyrøya. Ingen ringare enn sokneprest Tobias Brodtkorb og handelsmann Peter Andreas Koch frå Rottingen som var forlovarar. Det fortel noko om den sosiale posisjonen klokkaren hadde i lokalsamfunnet. Og den blir også understreka gjennom fadderskap da borna til Lasse og Johanna på Skreddarøya vart borne fram til dåp i Dolm kyrkje.
Lasse Skagen og Johanna Huus fekk ni born, og alle var fødde på Skreddarøya: Hanna Jensine fødd 14.mars 1830, Marcus Gustav fødd 4.november 1831, Jens Huus fødd 22.juni 1833, Enok Dankert fødd 18.oktober 1835, Maria Cesilia fødd 15.juli 1838, Lina Johanna fødd 23.juni 1842, Lovise Josefine fødd 12.desember 1843, Julian Petrus fødd 30.juni 1845 og Justine Ulrikke Eleonore Borgstrøm fødd 30.juli 1847. Alle var døypte i Dolm kyrkje, og for dei alle ni var det folk frå dei høgare samfunnslag som stod fadder . Sju av dei ni borna til Lasse og Johanna nådde vaksen alder. Lovise døde på Skreddarøya våren 1848, og yngste dottera Justine døde kan hende som ung. Ein stor barneflokk, jord til eit par-tre kufor, nokre sauer og ein åkerlapp eller to, ei mager lønn, både som klokkar og skolehaldar – noko seier oss at det ikkje var så feitt hos familien på Skreddarøya.
Hovudklokkaren i Hitra prestegjeld hadde frå gammalt av rett til eigen gard. Det var eit bruk under garden Kjerringvåg, kalla Klokkargården , som det var meininga at klokkaren skulle leva av. Men det var lenge sia nokon klokkar hadde budd der. Den førre klokkaren, Colbanus Jensen, som i periodar hadde vore både klokkar, lærar og lensmann, hadde kjøpt Stakkvika og budd der. Sonen Jens Jensen, som også vart lensmann, budde i Stakkvika på den tida da Lasse Skagen kom til Hitra. Da Skagen fekk sjå dei falleferdige husa og vassjuke jorda ved Klokkargården på Kjerringvåg, vart han fort bestemt: Her kunne han ikkje bu. Det var derfor han valte Skreddarøya som bustad da ho vart ledig.
Dei tre klokkarane som kom til Hitra etter Skagen, vart også tilbydd Klokkargården på Kjerringvåg som bustad og som ein del av klokkarlønna. Den første slutta etter vel eit år, og den andre heldt ut i fem år, men da han pakka og takka for seg, varskudde han kvifor: Garden var heilt til nedfalls. Den tredje vart ikkje eit år eingong før han for herifrå. Så kom den fjerde i 1856. Han var seminarist med bein i nasen, og etter at fjøs- og låvebygninga på Klokkargården blåste over ende vinteren 1857, sa han frå til skolekommisjonen i Hitra herad: Om eg ikkje får nye hus på garden, så reiser eg, slik som dei før meg. Jau, Klokkargården på Kjerringvåg vart velsigna med nye hus i åra som kom .
Først på 1800-talet vart lønna til skolehaldarane i Hitra prestegjeld utbetalt både i pengar og i naturalia, til å begynne med både i korn og tørrfisk, seinare berre i korn. Rundt 1820 fekk ein omgangsskolelærar litt over 20 spesidalar i lærarlønn og lesing med konfirmantane og ti tønner korn i året. Han som var hovudklokkar og kyrkjesongar fekk 20 tønner korn attåt betaling for konfirmantundervisning. Rundt 1830 vart ei tønne blandkorn (bygg og havre) betalt med 9 ort, så 20 tønner utgjorde altså 45 spesidalar i pengar. Det kan hende at Lasse Skagen i tillegg til dette hadde noko inntekt frå Klokkargården. I periodar hadde han også nokre skriveoppdrag for sokneprest Tobias Brodtkorb, som utover 1820- og -30-åra skalv slik på hendene at han måtte ha hjelp. Utover 1820-åra kom det stadig sterkare krav frå sentrale styresmakter om at ein også på landsbygda måtte opprette faste skolehus rundt om i grendene. Skolekommisjonen på Hitra kjempa tappert i mot dette i lang tid, men klokkar Lasse Skagen kom med eit tilbod, som i alle fall for ei tid vart ei løysing begge partar kunne gå for. Han baud til å opprette fast skole for hovudsoknet heime hos seg på Skreddarøya. Skolekommisjonen såg dette som ei mellomløysing og vedtok at kyrkjesongaren ved hovudsoknet skulle «holde fast Skole, enten i sit eget, eller et andet ham af Skolecommissionen anviist Huus, for alle Børn i den Omkreds, som Skolecommissionen bestemmer, dog at han tilstaaes en passende Godtgjørelse af Beboerne i bemeldte Omkreds for Lys og Brændsel til Skolen om Vinteren» . I praksis betyr dette at Lasse Skagen oppretta Hitras første faste skole heime hos seg på Skreddarøya. Antakelig var det i samband med dette at Skagen bygde på huset sitt.
(klokkarbustaden, branntaksten frå 1847)
Stadig var det familiar utan fast bustad som reiste rundt og bad om losji, både på gardar og på husmannsplassar. Den gamle nemninga på desse var innerstar, og dei betalte for seg med arbeid og hjelp inne og ute og med pengar. Ofte var det slik at husfolket og innerstane delte kjøkken, og at innerstfamilien fekk eit kammers eller eit loftrom for seg sjølve.
På Skreddarøya stod kanskje enno det gamle stuahuset på Skagen-familien si tid. Dermed hadde dei husrom å leie ut. Ein typisk slik innerstfamilie kom til Skreddarøya trulig i 1836-37. Det var Hans Nilsen frå Vatngården på Stadsbygda og Ane Kristine Larsdotter frå Homlingsværet på Frøya. Dei fekk ei lita jente 10.august 1829. Da var Hans dreng på Vikstraum og Ane var tenestejente i Vågen. Jenta si fekk dei døypt i Dolm kyrkje 30.august 1829 og ho fekk namnet Karen Anna. 24.november same året gifta dei seg. I februar 1832 var dei innerstar på Fillingsnesset og fekk sonen Kristoffer. I februar 1835 fekk dei dottera Olina, og da var dei innerstar i Myra ved Dolmsundet. Så fekk dei altså losji hos klokkarfamilien på Skreddarøya, og her vart dottera Petronella fødd i november 1837. I april 1841 fekk dei dottera Hanna, og da budde dei i Godhamna på Frøya. Slik flakka dei rundt med barneflokken sin, på jakt etter arbeid og tak over hauvet. Korleis det gjekk vidare med Hans og Ane og borna deira ligg utafor ramma til vår historie om Skreddarøya, men etter som dei budde her ei tid, har også dei ein plass i bildet.
Vi har nemnt at Lovise Josefine Skagen døde på Skreddarøya i mars 1848. Far Lasse Skagen begynte også å skrante i 1848. Vanligvis skulle han undervise over 30 veker i eit skoleår. I 1848 greidde han ikkje meir enn åtte veker. Skolekommisjonen måtte sette inn ein vikar for han. Midt på vinteren, den 29.januar 1849, døde Lasse Skagen heime på Skreddarøya. Han vart 57 år gammal.
Johanna Jensdotter vart buande heime på Skreddarøya ei tid framover. Skolekommisjonen innvilga ho ein årlig pensjon på 10 daler dei første fem åra . Av borna hennar var dei eldste vaksne og til god hjelp for mora og dei yngste søskena. Men snart flytta dei frå Skreddarøya, den eine etter den andre. Kor lenge mor Johanna vart buande her, veit vi ikkje. På 1860-talet budde ho hos eldste dottera Hanna Jensine, som var gift og budde på Synstøya, ikkje langt unna Sørdyrøya, der ho var fødd. Da ho døde 29.januar 1887, budde ho i Namsos .
(Materiale frå mulig auksjon på Skreddarøya på 1850-talet)
Dei siste
Kva som skjedde med husa på Skreddarøya etter at familien Skagen flytta derifrå, er enno uklårt. Det vart neppe heldt skole der etter at Lasse Skagen døde, men det kan hende Johanna selte husa til kommunen eller til prestegarden. Plassen hørte jo framleis Dolm prestegard til.
Dei siste som budde på Skreddarøya, kom dit hausten 1865 og budde her eit års tid. Det var Stiftskapellan Andreas Peter Fredrik Suhm Høyer og kona Marie Høyer, fødd Petersen. Stiftskapellanen var sendt til Hitra for å vikariere ved eit presteskifte. Han heldt si første gudsteneste på Hitra i Dolm kyrkje den 3.september 1865, så det var kanskje i august dei kom hit. Ved folketeljinga i 1865 blir det opplyst at det no var berre eitt bolighus på Skreddarøya og at dei ikkje hadde husdyr der.
31. januar 1866 fekk Marie og Andreas Høyer ein son. Han vart døypt i Dolm kyrkje 14. februar og fekk namnet Samuel. Samuel Høyer er den siste som vart fødd på Skreddarøya. Hausten 1866 reiste stiftskapellanen med familie frå Hitra. Den 14. oktober heldt Høyer si siste gudsteneste i Dolm, og den 8.november var dei i Børsa «for efter Ordre af Stiftets Biskop at betjene det ledig Sogneprestembede» .
Etter familien Høyer sitt korte opphald, blir ikkje Skreddarøya nemnt meir, verken som husmannsplass eller heim. Det er tradisjon om eit stamphus ved demninga søraust i Skreddarøyvågen, men vi veit lite om drifta der. I minst 150 år veit vi at det har budd folk på Skreddarøya. No har ho vore folketom i 150 år. Slik går historia.

Adresse : Breddegrad: 63.6359222132328, Lengdegrad: 8.729832071222633
Fødsel

Treff 1 til 27 av 27

Etternavn, Fornavn Fødsel Person ID
1 Eliasen Skarvøya, Jacob21 Feb 1830Skredderøya, Dolmøya, HitraI22042
2 Eriksdatter Hegstad, Albertine20 Mar 1822Skredderøya, Dolmøya, HitraI36639
3 Eriksen Hegstad, Hans (Knut) Mikkel18 Sep 1824Skredderøya, Dolmøya, HitraI70635
4 Hansdatter, PetronellaNov 1837Skredderøya, Dolmøya, HitraI71205
5 Hansen Måsøyval, Knut3 Sep 1814Skredderøya, Dolmøya, HitraI63424
6 Huus Skagen, Jens Oluf22 Jun 1833Skredderøya, Dolmøya, HitraI21559
7 Høyer, Samuel31 Jan 1866Skredderøya, Dolmøya, HitraI54371
8 Ingebrigtsdatter, Inger Anna22 Jul 1829Skredderøya, Dolmøya, HitraI36661
9 Jørgensen, Peder1782Skredderøya, Dolmøya, HitraI55544
10 Knudsdatter Skredderøen, Kristianna Dorthea9 Jul 1796Skredderøya, Dolmøya, HitraI36637
11 Knutsdatter Skredderøen, Dorit (Dorthea) LuciaSkredderøya, Dolmøya, HitraI49295
12 Knutsdatter Skredderøen, Dorit (Dorthea) LuciaSkredderøya, Dolmøya, HitraI57077
13 Knutsdatter Skredderøen, Karen GurinaSkredderøya, Dolmøya, HitraI60884
14 Knutsdatter Skredderøen, Martha Maria29 Feb 1793Skredderøya, Dolmøya, HitraI60886
15 Lassesdatter Skagen, Hanna Jensine14 Mar 1830Skredderøya, Dolmøya, HitraI21563
16 Lassesdatter Skagen, Justine Ulrikke Eleonore Bergstrøm30 Jul 1847Skredderøya, Dolmøya, HitraI21562
17 Lassesdatter Skagen, Lovise Josefine12 Des 1843Skredderøya, Dolmøya, HitraI71200
18 Lassesen Skagen, Julian Petrus30 Jun 1845Skredderøya, Dolmøya, HitraI21560
19 Lassesen Skagen, Lina Johanna23 Jun 1842Skredderøya, Dolmøya, HitraI55255
20 Lassesen Skagen, Markus Gustav4 Nov 1831Skredderøya, Dolmøya, HitraI2988
21 Mortensdatter, MargreteSkredderøya, Dolmøya, HitraI23220
22 Mortensdatter Skredderøy, BeritSkredderøya, Dolmøya, HitraI55543
23 Mortensen Skredderøen, OleSkredderøya, Dolmøya, HitraI47893
24 Mortensen Skredderøen, LarsSkredderøya, Dolmøya, HitraI46523
25 Mortensen Skredderøen, PederSkredderøya, Dolmøya, HitraI48534
26 Skagen, Enok Dankert18 Okt 1835Skredderøya, Dolmøya, HitraI21561
27 Skagen, Maria Cesilia15 Jul 1838Skredderøya, Dolmøya, HitraI70203
Død

Treff 1 til 11 av 11

Etternavn, Fornavn Død Person ID
1 Andersen, Lars1741Skredderøya, Dolmøya, HitraI71197
2 Christoffersdatter, Johanna26 Mai 1822Skredderøya, Dolmøya, HitraI60883
3 Eriksen Hagen Skredderøen, Knut5 Mai 1821Skredderøya, Dolmøya, HitraI57076
4 Eriksen Hegstad, Hans (Knut) Mikkel6 Des 1824Skredderøya, Dolmøya, HitraI70635
5 Hansdatter Skredderøy, Karen16 Feb 1837Skredderøya, Dolmøya, HitraI72309
6 Knutsdatter Skredderøen, Dorit (Dorthea) LuciaSkredderøya, Dolmøya, HitraI57077
7 Lassesdatter Skagen, Lovise Josefine1848Skredderøya, Dolmøya, HitraI71200
8 Madsen Skagen, Lasse29 Jan 1849Skredderøya, Dolmøya, HitraI21554
9 Mikkelsen Hegstad, Svend14 Apr 1821Skredderøya, Dolmøya, HitraI46596
10 Pedersdatter, Karen1762Skredderøya, Dolmøya, HitraI46243
11 Pedersen Sneve Vikstrøm, Ingebrigt2 Apr 1830Skredderøya, Dolmøya, HitraI21514