profile_image
Knut Eriksen Hagen Skredderøen[1]

Mann Ca 1743 - 1821  (78 år)

person
Person

Navn

Knut Eriksen Hagen Skredderøen

Kjønn

Mann

Fødsel

ca 1743 Kvikne, Hedmark location_on
  • Hans fødselsår er temmelig usikkert. Ved folketeljinga i 1801 har han fortalt til manntalsføraren at han var 58 år gammal, altså fødd i 1743, men til dei som førte dei militære rullene frå 1803 og 1809 melde Knut Hagen at han var fødd i 1753 eller 1754. Vi veit altså ikkje om han var i 30- eller i 40-åra da han trulova seg i Dolm kyrkje 1.september 1786. [2]

Plass

Kom til Hitra og Skreddarøya i midten av 1780-årene. Han tok over plassen etter aldrende Morten Andersen ca 1777.

Skifte

Gjengitt fra Fosen skifteprotokoll 1817-1823, s 756a – 757b av Svein Bertil Sæther:

SKIFTEFORRETNING ETTER KNUT ERIKSEN HAGEN OG JOHANNA KRISTOFFERSDOTTER PÅ HUSMANNSPLASSEN SKREDDARØYA I 1822
Dette er ikkje ei transkribering eller ei avskrift av teksten i protokollen. Her er arveoppgjeret framstilt meir som ei forteljing.
Den 15.juni 1822 var det samla nokre personar på Skreddarøya i Dolmsundet av ein heilt spesiell grunn. Parfolket Knut Eriksen og Johanna Kristoffersdotter, som hadde budd på husmannsplassen Skreddarøya under Dolm prestegard i xx år, var begge døde, og no skulle arvingane dele det dei to hadde etter seg. Det var lensmann Hans Hornemann Ræder som denne dagen skulle sørge for at det som skulle delas vart registrert og sett verdi på, og med seg på dette hadde han Ingebrigt Hansen Sveen og Anders Iversen Klokkargården. Arvingane var dei fire vaksne døtrene etter Knut og Johanna. Av dei var tre til stades:
• Ane Knutsdotter var 34 år gammal, ugift og budde på Skreddarøya
• Marta Knutsdotter var 29 år, også ugift, og også ho budde heime på Skreddarøya
• Kristianna Knutsdotter var gift med Erik Mikkelsen, og dei hadde tatt over som husmannsfolk her på Skreddarøya no
• Den fjerde dottera var Karen Knutsdotter. Ho var ikkje til stades, men ho hadde sendt hit mannen sin, Hans Olsen Måsøya.
På denne tida var ei ugift kvinne ikkje myndig, så derfor var det møtt fram verger for Ane og Marta, og det var Fredrik Evensen Hjertøya for Ane og Ola Isaksen Sveen for Marta. Arvingane sørga for at alt av verdi vart vist fram for lensmannen og vurderingsmennene, og dei registrerte alt. I tillegg sette dei verdi på husa på Skreddarøya:
• Eit stuahus med kjellar, to buer og loft over stua for 10 spesidalar
• Ein låve med kornstål for 3 spesidalar
• Eit fjøs med høystål og svinhus for 4 spesidalar
• Ei gammal stue som var frakta hit frå Hemne og enno ikkje var sett opp, var verdsett til 3 spesidalar
• 13 tømmerstokkar, fire famnar lange, der fem stokkar var levert til pastor Brodtkorb, vurdert tilsaman for 2 spesidalar
• Ei fiskesjå vurdert for 3 spesidalar
To dagar etter – den 17.juni 1822 - var det samla mykje meir folk på Skreddarøya, for da vart det halde auksjon på alt innbu, reiskap og utstyr som Knut og Johanna hadde samla gjennom sitt liv. Ved auksjonen kom det inn 103 spesidalar, 4 ort og 15 skilling. Inkassator ved auksjonen var Nils Rosing Parelius.
Den 1.august var det skiftesamling på sorenskrivarkontoret på Fjellvær, og her vart arveskiftet etter Knut og Johanna Skreddarøya sluttbehandla:
Utanom auksjonspengane og verdiane på hus og tømmer, hadde pastor Brodtkorb, Jørgen Melandsjøen og Jon Olsen Hammerstad litt gjeld til buet for noko tømmer og bak.
Dei ugifte døtrene Anna og Marta sine utstyrskister og eventuelle bryllupsutgifter vart ført både som inntekt og utgift i buet:
a) Anna: ei brun klekiste med lås og beslag merka med bokstavane K.C.S.H. for 3 dalar, halvparten i ei jarngryte på ei kvart tønne for ein dalar og ei kvit ku kalla «Gyldenlov» for 7 dalar, i alt 11 dalar
b) Marta: ei brunmala klekiste med lås og beslag, merka med bokstavane S.N.S. for 2 dalar, 2 ort og 12 skilling, den andre halvparten i jarngryta for ein dalar og ei raud og kvit ku kalla «Valmoe» for 7 dalar, i alt 10 dalar, 2 ort og 12 skilling
Heile buet vart til slutt på 153 dalar og 13 skilling.
Utanom dei kostnadene som gjekk til skifteforretninga (rundt 6 dalar) og auksjonen (godt og vel 10 dalar), merkar vi oss desse utgiftspostane i buet:
• svigersonen Erik Mikkelsen har lagt ut 4 dalar, 2 ort og 12 skilling til gravølet
• dottera Ane Knutsdotter la ut 1 dalar 4 ort og 8 skilling til gravølet
• dottera Marta Knutsdotter hadde lagt ut 1 dalar 4 ort og 20 skilling til gravølet
• Anders Kristoffersen Hallarvika forlangte 4 ort for ei halv tønne salta småtorsk
• proprietær Rasmus B Parelius hadde levert varer for 1 dalar 4 ort og 4 skilling til gravølet, og dessutan fann han ut at Knut og Johanna hadde skrive opp varer hos han for ikkje mindre enn 23 dalar 1 ort og 6 skilling
• sokneprest Brodtkorb hadde 8 dalar 2 ort og 4 skilling til gode i buet
• skreddaren Hans Pedersen Fillansnesset hadde sauma noko som han ville ha 1 dalar og 2 ort for
• Tørres Hansen Hestnes kom og kravde 1 dalar 3 ort og 22 skilling på vegne av kona si
Når sorenskrivar Kaasbøll gjekk igjennom overformynderiet sine formyndarruller, så fann han ut at at Knut Eriksen Hagen i skiftet etter Paul Johansen Øyen i 1797 var sett til formyndar for sønene Peder og Johannes Paulsen og hadde tatt imot 7 dalar 3 ort og 10 skilling, som no skulle gjeras opp
Så vart bygdekommisjonen sine papir gått igjennom for å sjå om Knut Hagen hadde fått hjelp fra dei i naudsåra 1803 og 1804, og da viste det seg at han hadde fått ei tønne havre. No skulle denne tønna betalas tilbake, med 4 % rente i 19 år og 15 dagar, etter valutaendringane utgjorde det i alt 1 ort og 11 skilling
Og i mai-juni 1813 hadde Knut Hagen fått tildelt fire skjepper sædekorn og ei skjeppe rug av bygdekommisjonen, og dett vart det no kravd oppgjer for: 2 ort og 17 skilling.
Når alt var gjort opp, satt arvingane etter Knut og Johanna att med 50 dalar 2 ort og 13 skilling, som så vart delt likt mellom dei fire arvingane. Ved utlottinga vart auksjonspengane for det meste brukt til å betale dei offentlige og private kreditorane, mens resten av auksjonspengane og husa på plassen på papiret vart delt mellom arvingane.

Død

5 Mai 1821 Skredderøya, Dolmøya, Hitra location_on

Begravelse

12 Mai 1821 Dolm gravsted, Dolmøya, Hitra location_on

family_restroom
Familie
Johanna Christoffersdatter
71 år
f.Ca 1751
d.26 Mai 1822, Skredderøya, Dolmøya, Hitra location_on

Ekteskap

10 Mai 1787 Dolm kirke, Dolmøya, Hitra location_on  [3]

Barn

+1. Martha Maria Knutsdatter Skredderøen
f.29 Feb 1793, Skredderøya, Dolmøya, Hitra location_on
+2. Karen Gurina Knutsdatter Skredderøen
dp.18 Sep 1786, Dolm kirke, Dolmøya, Hitra location_on
 3. Anne Elisabeth Knutsdatter Skredderøen
dp.29 Aug 1790, Dolm kirke, Dolmøya, Hitra location_on
 4. Dorit (Dorthea) Lucia Knutsdatter Skredderøen
~ 0 år
dp.29 Aug 1790, Dolm kirke, Dolmøya, Hitra location_on
d.17 Feb 1791, Dolm gravsted, Dolmøya, Hitra location_on
 5. Dorit (Dorthea) Lucia Knutsdatter Skredderøen
~ 0 år
dp.22 Jan 1792, Dolm kirke, Dolmøya, Hitra location_on

gravl.11 Mar 1792, Dolm gravsted, Dolmøya, Hitra location_on
+6. Kristianna Dorthea Knudsdatter Skredderøen
27 år
f.9 Jul 1796, Skredderøya, Dolmøya, Hitra location_on
d.6 Des 1824, Skredderøen, Hitra location_on

place
Hendelseskart
description
Kilder
  1. format_quoteS1117 Skiftemateriale Fosen 1681-1823.
  2. format_quoteS547 Historiker Svein Bertil Sæther, Hitra.
  3. format_quoteS2 Family Search.