Dokumenter

» Vis alle     1 2 Neste»     » Lysbildefremvisning

Nils Halvorson Schei, kjerkesongar og skolelærar 

Halvor var sonen til Arnt Anderson og kona Kari Persdotter på Skei i Vinje sokn. Han var fødd 14. august 1795 og døpt 16. august i Vinje kjerke (Kjerkeboka for Hemne 1795-1818, fol.41b). 

Han hadde eldre halvsøsken. Mora hadde vore gift to gonger før. Den 28. desember 1820 vart det fødd ein gutunge på garden Gravdalen. Det var ei jente frå nabogarden Stolsmo som fødde guten. Ho heitte Guru, og var dotter til Nils Anderson og Eli Olsdotter på Stolsmo. Det var Halvor Arntson som var far til guten. Den 7. januar 1821 vart guten døpt som uekte barn, og han fekk namnet Nils, truleg etter far hennes Guru (Kjerkebok 1818-1830 for Hemne, fol.19b). Guru og Halvor gifta seg ikkje. Men den 5. april gifta Halvor seg med Beret Estensdotter (Kb 1818-1830 for Hemne, fol 193). Ho var frå nabobruket på Stolsmo og var dotter til Esten og And, fødd 10. februar 1802 og døpt 22. februar 1802 (Kb Hemne 1795-1818, fol.64b). Bryllaupet mellom Halvor og Beret hasta noko, for berre seks dagar etter at ho stod brur, fekk Beret sonen Hans (Kb Hemne 1818-1830, fol 50). Beret og Halvor budde som innerstar (leigebuarar) på Stolsmo, både da dei fekk Hans, og da jenta Karen vart fødd 3. desember 1827 (Kb Hemne 1818-1830, fol.68). 

Ikkje lenge etter for Halvor og Beret til andre sida av Trondheimsleia og slo seg ned på garden Balsnes på Hitra. Her fekk dei bøkselbrev i 1829 (Sverre Utseth: Sandstadboka, s. 397). Men Nils vart ikkje med til Hitra. Han vart konfirmert i Hemne 19. oktober 1834 (Kb Hemne 1830-1840, fol. 160b). Halvor og Beret fekk sonen Arnt i 1831 (Sandstadboka s. 397). I 1834 døde Beret i barnekoppar. Ho vart gravlagt på Fillan kjerkegard, og det var jordpåkasting på grava hennes 22. juni 1834 (Kb Hitra 1827-1842, fol 259b). 

Den 11. mars 1836 vart det fødd ein gut på Balsnes. Han fekk namnet Jakob. Faren var enkemann Halvor Arntson Balsnes og mora var jenta Beret Jakobsdotter frå Øverdalen på Hitra. Det var ikkje gifte, men dei var forlova, står det i kjerkeboka (Kb Hitra 1827-1842, fol 87). To år etter, i 1838 tok ny brukar over etter Halvor på Balsnes (Sandstadboka, s. 397). Om det vart til at Halvor og Beret Jakobsdotter gifta seg og kvar dei reiste da dei for frå Balsnes, veit vi enno ikkje; her må det grundigare undersøkingar til. Det krev også nærare gransking å finne ut meir om Nils Halvorson: Vart han buande hos mor si mens han var i Hemne? Eller hos farsslekta si på Skeiet? Når kom han til Hitra? Kan han ha vore hos far sin på Balsnes ei tid? 

Den 27. februar 1847 fekk Nils bøkselbrev på halve garden Snekkvika på Hitra (Fosen pantebok nr.8, fol 24). Denne garden ligg ved Laugen, den største innsjøen på Hitra, rett innafor Hernesfjorden ved Kvennværet. Ungkaren Nils gifta seg 16. juli året etter. 

Han var kjerkesongar står det i kjerkeboka (Kb Hitra 1843-1851,fol.233), fødd i Gravdalen i Hemne for 27 ½ år sia, bur no i Snekkvika og faren heiter Halvor Arntson. Brura var ho Karen Maria, 20 år gammal, fødd på Sørburøya i Froan og dotter til Sivert Jonson. Den 16. oktober 1849 fekk dei sonen Sivert Adolf. Han vart døpt i Kvennværskjerka på Hakkbuan den 6. januar 1850 (Kb Hitra 1843-1851, fol. 114), og vi merkar oss at kjerkesongaren frå no av bruker slektsnamnet Schei. 

Mellom faddrane på Sivert finn vi halvbror til Nils, Hans Halvorson, dreng i Snekkvika. Han vart konfirmert i Hemne i 1841 (Kb Hemne 1841-1851, fol 120b) og budde da på Stolsmo. 21. september 1746 flytta han frå Hemne til Todalen i Aure (Kb Hemne 1841-51, fol.240), men tok seg seinare teneste hos bror sin i Snekkvika. Også broren Arnt Halvorsen budde i Snekkvika ei tid. Da Nils og Karen Marie fekk døpt dotra Karen Gurine i Kvennværkjerka på Hakkbuan 25. april 1852 (ho var fødd 18. januar 1852), står Arnt Halvorson Snekkvig oppført som fadder (Kb Hitra 1852-60, fol.5b). Av brørne til Nils var både Hans, Arnt og Jakob på Hitra, men livshistoria deira ligg utafor denne gjennomgangen. Nils og Karen Maria Schei i Snekkvika fekk fleire born. 

Ein gong kring 1870 slutta Nils som kjerkesongar i Kvennværet. Garden dreiv han – i alle fall i namnet - til midt på 1880-talet. Sonen Sivert står oppført som leigebuar enno da sonen Nils Petter blir døpt 26. april 1885, men da dotra Sofie Ulrikke vart døpt 24. juni 1887, står det i kjerkeboka at Sivert var gardmann i Snekkvika (Kb Kvenvær 1882-1899, fol. 19b). Nils kjøpte aldri Snekkvika. Han bøksla garden.Den 6.juli 1887 døydde Nils Halvorson Schei i Snekkvika av slag (Kb Kvenvær 1882-1899). Hav vart gravlagt 13. juli 1887. Den 11.oktober året etter (altså i 1888) døydde enka Karen Marie Sivertsdotter Schei, og ho vart gravlagt 18. oktober. Så litt meir om sonen Sivert Adolf og familien hans:Han vart altså fødd 16. oktober 1849 (sjå ovafor). 29. oktober 1865 vart han konfirmert i Dolm kjerke (Kb Hitra 1861-1870, fol.44b). Folketellinga 1865 fortel at han budde heime og ”hjelper Faderen med Gaardsbruget”. 

I 1878 var han i Dolmkjerka på nytt. Den 28. juni det året gifta han seg med Ane Ulrikke Pedersdotter Sørdal frå Stølan på Frøya. Ho budde i Snekkvika på denne tida, og ho hadde ein 5-6 –års gammal gut med seg. Denne guten, Ulrik, fekk ho da ho var berre 14 ½ år gammal med ungkaren Andreas Persa frå Gurvikdalen på Frøya. Ulrik vart fødd i Gurvikdalen 31.august 1872 og døpt i Slettakjerka på Frøya 31. oktober samme året (Kb Hitra 1871-1881). 

Knappe tre månader etter at dei vart gifte fekk Sivert Adolf og Ane Ulrikke eldste dotra si, Anna Jensine, fødd i Snekkvika 17. september 1878 og døpt i Kvennvær kjerke 27. oktober (Kb Hitra 1871-1881). Den 26.januar 1885 vart sonen Nils Petter fødd, og døpt i Kvennvær kjerke 26. april ( Kb Kvenvær 1882-1899, fol.9b), og den 26. april 1887 vart Sofie Ulrikke fødd i Snekkvika og døpt i Kvennvær kjerke 24. juni 1887 (Kb Kvennvær 1882-1899, fol 19b). Den 13. desember 1889 vart dotra Johanne Pauline fødd, og døpte dei i Kvennvær kjerke 4. mai 1890 (Kb Kvennvær 1882-99, fol 24b). 

Dotra Ragna Pauline vart fødd i Snekkvika den 1. august 1898 og døpt i Kvennvær kjerke 2. oktober 1898, og da var halvbroren Ulrik Andreassen Snekkvik mellom fadrane (Kb Kvennvær 1882-99,fol. 40b). Schei-slekta er stor på Hitra. Framleis er kjerneområdet for denne slekta sør og vest, frå Dalen ved Forsnes og rundt vestsida av Hitra til Helsøysundet (som i dag blir kalla Kvennværet).


Nils Halvorson Schei, kjerkesongar og skolelærar




Linket tilNils Halvorsen Schei

» Vis alle     1 2 Neste»     » Lysbildefremvisning